Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger har 10.700 studentar og om lag 1.560 tilsette. I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning forskning, nyskaping, formidling og museumsverksemd.


UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Sampelet mellom UiS og arbeidslivet er mangfaldig og mangearta.

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i tre fakultet med 14 institutt og 2 nasjonale kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. UiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med vårt forskingsinstitutt, International Research Institute of Stavanger (IRIS). Det er òg fleire senter for forsking som er knytt saman i overbygginger mellom UiS og IRIS og andre aktørar. Prekubator TTO er vår reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Ipark driv inkubatorverksemd, som er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder.

Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar.

Universitetet i Stavanger er det einaste norske medlemmet i det europeiske nettverket European Consortium of Innovative Universities (ECIU).
All courses (4)

Our Address